Døyparen Johannes ryddar veg
Les
Mark 1,1–8
Opna Nettbibelen ↗ · Les på engelsk i NLT ↗
Gå inn i forteljinga
Vi møter Jesus først gjennom ein som ryddar veg for han. Les avsnittet og legg merke til kva Johannes seier om seg sjølv og om han som kjem etter.
Kommentar
Den første setninga fangar meg:
Markus startar med å seia: Dette er godt nytt om Jesus Messias, Guds Son. Det begynte akkurat slik som profeten Jesaja hadde skrive. Evangeliet begynte i samsvar med profetordet, slik Gud frå æva av hadde planlagd. Alt Gud tidlegare hadde gjort og sagt, peika fram mot dette: Godt nytt om Jesus Kristus. Profetane har profetert om Kristus og no har det vorte godt nytt, for han som skulle koma har kome. Guds plan har lange linjer tilbake til opphavet for verda, men det er ikkje berre gode ønskje, men noko som har vorte røyndom.
Jesaja profeterte om ein bodberar som skulle gå føre Messias. Han skulle rydda veg for han.
Slik stod døyparen Johannes fram, som ei oppfylling av profetordet. NLT seier at denne bodberaren var døyparen Johannes. Han var i øydemarka. Ein underleg stad å starta ei så viktig teneste. Han forkynte at folk skulle bli døypt for å visa at dei hadde vendt om frå syndene sine og vendt seg til Gud så dei kunne få tilgjeving.
Eg legg merke til at Johannes døypte folk i Jordanelva og ikkje med vatn frå elva. Å døypa i vatn inneber å bli dukka heilt under i vatnet. Det er stor skilnad på å døypa i eller døypa med.
Eg legg også merke til at Johannes skilde seg ut i måten han kledde seg på og i måten han åt. Ei grov kamelkappe med belte og grashopper og villhonning som mat. Ei spesiell framtoning og diet, men ikkje til hinder for gjerninga si.
Matteus fortel at døyparen Johannes forkynte at Himmelriket hadde kome nær, men Markus seier at han forkynte at det skulle koma ein etter han, som var sterkare eller større enn han. Johannes sa at han ikkje ein gong var verdig til å bøya seg ned som ein slave for å løysa sandalreima hans. Så liten og uverdig kjende han seg i forhold til han som skulle koma etter han og som Johannes skulle rydda veg for.
Eg legg merke til at det som gjorde Jesus sterkare og større enn døyparen Johannes var at Johannes berre døypte folk i vatn, men Jesus skulle døypa i Den Heilage Ande. Johannes forklarar ikkje kva denne dåpen i Den Heilage Ande som Jesus kjem med inneber, det er denne dåpen i Anden som er den store skilnaden mellom Jesus og Johannes, og kanskje det også er den store skilnaden mellom den gamle og nye pakt? Dette får vi kanskje læra meir om seinare i Markus evangeliet?
Så legg eg merke til at NLT i 1,5 seier at døypte dei i Jordanelva, medan han i 1,8 seier han døyper med vatn og at Jesus skal døypa med Den Heilage Ande. Men her gjer NLT noko som ikkje norske biblar gjer. Han har ei stjerne bak med og ei fotnote som seier: eller i. Den greske preposisjonen kan jo omsetjast med både med og i, alt etter om det handlar om middelet eller lokasjonen. Samanhengen er jo tydeleg på at Jordanelva er lokasjonen folk blir døypte og dukka under i. Då tyder det på at dei som seier “med” tenkjer på barnedåp, der vatnet er middelet, for barnet får vatn aust over hovudet sitt.
Men profetien til Jesaja om å rydda veg for Herren, vil ikkje sleppa meg. Kanskje det er slik at vi også er kalla til å rydda veg for Herren? Å vera ei røyst som roper? Å skapa rørsle mot Jesus og gjera det lett for folk å finna han?
Sjå nøye etter
Kva skil Johannes sin dåp frå den dåpen Jesus skal gje? Kva fortel dette om kven Jesus er?
Til ettertanke
Kva treng eg å venda meg frå, og kva vil det seia å venda meg til Gud?
Saman
Korleis kan vi gjera det lettare for menneske rundt oss å møta Jesus?
Lev det ut
Be for ein person du ønskjer skal møta Jesus. Ta eit enkelt steg for å opna ein samtale eller visa omsorg.
Bøn
Herre Jesus, takk for at du er komen. Hjelp meg å venda meg til deg og rydda veg for deg i livet mitt og mellom menneska eg møter.