Kurs 06 · Modul 2 av 6 · 12 leksjonar

Vera med Jesus og høyra ordet hans

Mark 3,7–6,6

Jesus kallar menneske til å vera med seg. Vi møter folkemengdene, dei tolv og familien hans, før vi set oss ned og lyttar til likningane om Guds rike. Så følgjer vi han ut på sjøen og inn i møte med menneske som treng fridom, læking og liv. Gjennom heile modulen kjem spørsmålet tilbake: Korleis tek vi imot Jesus og ordet hans?

Modulen har tolv leksjonar. Les gjerne seks avsnitt, bruk ein dag til å sjå tilbake, og hald så fram. Les heile bibelavsnittet før kvar kommentar. Når ei likning og forklaringa hennar står kvar for seg, les dei saman.

Di vandring

Framdrift i modulen

01

Folket flokkar seg kring Jesus

Les

Mark 3,7–12

Gå inn i forteljinga

Folket kjem frå mange kantar. Nokre vil bli lækte, og trengselen blir stor. Legg merke til både det Jesus gjer og det han ikkje vil ta imot.

Kommentar

Etter denne konfrontasjonen med farisearane og herodianarane som planla å ta livet av Jesus, drog Jesus seg bort frå byområdet saman med læresveinane sine. Likevel følgjer ei stor folkemengd frå heile Galilea etter han til sjøen. Ja, mange menneske kjem til han både frå sør (Judea og Idumea), frå aust (landet på hi sida av Jordan) og frå nordvest (Tyrus og Sidon). Dei kjem fordi dei har høyrt om alt det han hadde gjort.

Trengselen frå folkemengda er så stor at Jesus bed læresveinane gjera klar ein båt han kan flykta i. Alle i mengda strekte seg fram for å røra ved han, i tru på at å røra ved han ville lækja plagene deira. Ordet for plagene her er litt spesielt, for det blir også omsett med «pisk eller piskelag». Somme meinte at sjukdomar var piskeslag frå Gud, men det avviser Jesus ved å gjera dei friske.

Fleire av folka, som flokka seg rundt han, var tydelegvis plaga av ureine ånder. Orda ureine ånder, vonde ånder og demonar er eigentleg synonyme ord. Når desse menneska rørte ved Jesus, kasta dei ureine åndene seg ned og stadfeste at Jesus var Guds Son. Her har vi enda eit døme på at Jesus byd demonane å teia, men først etter at dei har gjeve si vedkjenning om kven han er.

Dette avsnittet hjå Markus gjev rett og slett eit samandrag av Jesu teneste. Markus lærer oss om Jesu mynde, makt og popularitet. Det er underleg at sjølv om Jesus ikkje vil ha vitnemål frå dei vonde åndene, vel Markus likevel å ta med denne hendinga i evangeliet sitt, som endå ein måte å visa fram Jesu makt og mynde på, særleg gjennom bruken av nemninga Guds Son. Men Jesus vil ikkje ha vitnemål frå ein som ikkje følgjer han. Det er ikkje godteke. Dei som seier «Herre, Herre», men ikkje følgjer, blir ikkje tekne imot av Jesus, korkje i tenesta hans eller i forsamlinga hans, verken på Markus si tid eller i vår.

Sjå nøye etter

Kvar kjem folket frå, og kvifor kjem dei? Kva seier dei ureine åndene, og korleis svarar Jesus?

Til ettertanke

Kva søkjer eg hos Jesus? Kva vil det seia at trua mi får uttrykk i å følgja han?

Saman

Korleis kan vi hjelpa menneske til å koma til Jesus og bli kjende med han?

Lev det ut

Be for nokon som treng hjelp, og gje vedkomande tid og omsorg.

Bøn

Jesus, takk for at menneske med alle slags behov kan koma til deg. Lær meg å kjenna deg og følgja deg.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

02

Dei skulle vera med han

Les

Mark 3,13–19

Gå inn i forteljinga

Jesus kallar til seg dei han vil ha. Før vi les om kva dei skal gjera, høyrer vi kvifor dei skal vera hos han.

Kommentar

Jesus dreg seg endå lenger bort frå byane og folkemengdene som følgjer han, ved å gå opp i åsane rundt sjøen. Der kallar han til seg dei han sjølv vil ha. Han kallar tolv menn, som han også gjev namnet «apostlar» eller «utsende». Jesus hadde to grunnar til å velja ut desse tolv mennene:

[1] «at dei skulle vera med han», og [2] «at han skulle senda dei ut [a] for å forkynna godt nytt, evangeliet, og [b] for å ha makt til å driva ut vonde ånder

Det er verdt å merka seg at verbet senda ut er same ordet som substantivet apostel. Eit moderne synonym er utsending. Det første føremålet for dei utsende var å vera med Jesus. Det er naudsynt å ha vore med Jesus for at dei utsende skal kunna oppfylla det andre føremålet, nemleg å forkynna evangeliet og driva ut vonde ånder. Desse utsende forkynner gledebodskapen både medan Jesus verka, og etter hans død, gravlegging og oppstode. Det første bodskapet var: «Guds rike er nær»; det siste var: «Ein kjem inn i Guds rike ved å setja si lit til evangeliet om at Jesus vart krossfest for syndene våre og stod opp att på den tredje dagen, så vi kunne ha evig liv.» Tenesta til dei utsende skulle også omfatta makt til å driva ut vonde ånder. Makta til å driva ut demonar var eit teikn på at det nye riket var sterkare enn demonane, og at det nye riket verkeleg var komne i Jesu person og gjennom makta til dei han hadde sendt ut.

Nemninga Dei tolv blir nytta absolutt, som namn på den gruppa Jesus valde ut mellom dei som følgde han. Namna på Dei tolv blir lista opp med nokre interessante tillegg. Simon får namnet «Peter». Jakob og Johannes vert kalla «Toredønns-sønene» eller «dei brennande sønene» (jf. Mark 9,38 og Luk 9,54). Ein annan Simon vert kalla «kananearen», som på arameisk tyder «ivraren», og som i den norske Bibelen 2011 gjerne blir omsett med «seloten». Det er eit namn på den brennande, Roma-fiendtlege gruppa som lett greip til vald. Markus set Judas Iskariot sist på lista, med ei illevarslande skildring som alt tidleg i forteljinga syner at det er Judas som til slutt skal overgje Jesus til styresmaktene.

Dette avsnittet gjev eit godt bilete av dei ulike gruppene som følgde Jesus. Dei store folkemengdene kjem fordi dei har høyrt om Jesus, og mange ønskjer å bli lækte. Så vel Jesus ut Dei tolv til å vera med han. Skildringa av Dei tolv avdekkjer likevel ein indre krins på tre. Dei tre innarste (Peter, Jakob og Johannes) var dei tre første Jesus valde ut.

Sjå nøye etter

Finn dei to føremåla med kallet. Korleis heng det å vera med Jesus saman med det å bli send av han?

Til ettertanke

Er samværet med Jesus sjølve grunnlaget for tenesta mi?

Saman

Korleis kan vi hjelpa kvarandre til å vera med Jesus og ta del i oppdraget hans?

Lev det ut

Set av tid til å vera med Jesus utan først å laga ei liste over det du skal prestera. Les, lytt og be.

Bøn

Jesus, takk for at du kallar meg til deg. Lat tenesta mi veksa fram frå samværet med deg.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

03

Kven er Jesu familie

Les

Mark 3,20–35

Gå inn i forteljinga

Les heile avsnittet før du stansar ved åtvaringa om spott mot Anden. Forteljinga om familien omsluttar møtet med dei skriftlærde. Dei tre delane hjelper oss til å forstå kvarandre.

Kommentar

Markus nyttar eit litterært grep i Mark 3,20–35 der han set inn ei hending mellom to fasar av ei anna hending. Avvisinga av Jesus frå familien hans tek til i versa 20 og 21, deretter vert avvisinga frå dei skriftlærde frå Jerusalem fortald (versa 22–30). Fullføringa av avvisinga frå Jesu familie kjem til slutt i versa 31–35. Dette litterære grepet blir nytta fleire gonger av Markus. Markus nyttar hendingar inni hendingar som tolkar kvarandre, slik vi skal sjå i dette avsnittet.

Jesus vender attende frå sjøen og åsane til heimen sin. Dette viser til den staden han vanlegvis heldt til i Kapernaum. Markus held fram med å syna Jesu popularitet mellom folket ved å seia at det var så stor ei folkemengd i og rundt huset at han og læresveinane ikkje eingong fekk eta.

Neste setning er underleg. Han eigne kom for å gripa han, for dei meinte han var heilt frå seg. Kven var desse som blir kalla “hans eigne”? Det var sjølvsagt ikkje læresveinane hans eller dei store folkemengdene som skaper vanskar. Dei skriftlærde ville nok gjerne gripa han, men dei ville aldri bli omtalt som hans eigne. Mange bibelgranskarar meiner at Markus her siktar til Jesu familie. Johannesevangeliet syner at Jesu brør ikkje trudde på han (Joh 7,3–5). Familien var uroa fordi framferda til Jesus drog til seg så store folkemengder at han, i følgje dette verset, ikkje ein gong kunne stella med sine eigne behov. Familien set i veg for å gripa Jesus. Ordet gripa vert nytta seinare i Mark 6,17 om det Herodes gjer når han sender menn for å «arrestera» Johannes døyparen. Jesu familie tenkjer tydelegvis at han er galen, det vil seia, ordrett, «ute av seg sjølv». Dei kjenner at dei må gripa han for hans eiga skuld og ta han med heim.

Dei skriftlærde frå Jerusalem er dei rettslege styresmaktene, eller lovkunnige, som er komne frå hovudstaden ut til landsbygda for å granska denne populære personen og dei ville påstandane som vert framsette om han. At slike lovkunnige frå storbyen kjem hit, er høgst uvanleg. Markus nemner straks dei to skuldingane mot Jesus. Legg merke til at tidlegare (i Mark 3,2) freista nokre av Jesu motstandarar å reisa rettslege klagemål mot han. Den første skuldinga er at Be'elsebul har fare i han. Namnet tyder «Ba'al, fyrsten».

Den andre skuldinga er at han driv ut vonde ånder ved hjelp frå fyrsten over demonane. Uttrykka fyrsten over demonane og Ba'al fyrsten tyder det same. Legg merke til at motstandarane seier at Jesus har ei urein ånd. Jesus var vidkjend for å driva ut demonar.

Jesus svarar på dei to skuldingane på to måtar. Først kallar han til seg dei skriftlærde og stiller dei eit retorisk spørsmål. Jesus svarar på spørsmålet med tre utsegner. Legg merke til at Jesus set likskapsteikn mellom Be'elsebul, fyrsten over demonane, og Satan. Det retoriske spørsmålet kan berre svarast på éin måte: Satan kan ikkje driva ut Satan. Like lite som eit rike eller eit hus som er kløyvd mot seg sjølv kan stå, kunne Satan stå om han kjempa mot seg sjølv. Om han kjempa mot seg sjølv, ville det vera eit sikkert teikn på at han går mot enden sin. Dinest fortel Jesus ei kort likning som dei skriftlærde ikkje kan avvisa. Ein lyt vera sterkare enn den sterke mannen for å koma inn i huset hans og plyndra eigedelane hans.

Jesu svar kan samanfattast i to setningar. Sidan Satan ikkje kan driva ut Satan, og vonde ånder blir drivne ut av Jesus, kan Jesus openbert ikkje vera Satan eller ei vond ånd. Og sidan den som driv ut lyt vera sterkare enn den som blir driven ut, og Jesus driv ut demonar, lyt Jesus vera sterkare enn demonane han driv ut.

Utdrivinga av vonde ånder var eit teikn på Guds makt. I Luk 11,20 seier Jesus: «Om eg driv ut vonde ånder med Guds finger, då har Guds rike kome til dykk.» I Matt 12,28 blir uttrykket Guds Ande nytta i staden for Guds finger, men tydinga er den same. At Guds rike kjem, blir vist gjennom Guds makt til å overvinna det vonde. Det gode sigrar over det vonde. Utdrivinga av demonar var eit teikn på at Guds rike og makt braut inn, særleg slik det kjem til syne i Jesu gjerning, han som driv ut demonane. Skuldingane frå dei skriftlærde mot Jesus er eit forsøk på å kalla Guds rike for Satans rike. Dette er ei forvrenging av gledebodskapen i evangeliet. Det skildrar det gode som vondt. Det kallar lyset for mørker. Markus peikar truleg også for lesarane sine på det underlege i at nett dei som skulle visa vegen, dei rettskunnige uttolkarane av Moselova, er dei som fullstendig vender seg mot og avviser han som oppfyller Moselova.

I samanheng med denne typen forvrenging tek Markus opp spørsmålet om spott mot Den heilage ande. Å spotta tyder å tala imot eller å håna, særleg med tanke på Gud. Alle andre synder kan verta tilgjevne, men å håna Den heilage ande er ei evig synd. Jødane hadde andre uforsonlege synder, som å vanhelga Guds namn, for då tok Gud hemn straks. Likeins vart den som gav falskt vitnemål i ei sak om dødsstraff, rekna som skuldig i ei utilgjeveleg synd. Markus syner kor alvorleg Jesus tek dette spørsmålet ved å bruka «amen»-uttrykket «Sanneleg seier eg dykk», fremst i utsegna hans. Spørsmålet som melder seg i dette avsnittet, er kvifor Jesus særskilt peikar på Anden. Anden er Guds makt. Å avvisa eller håna Anden er å skjera av krafta. Hugs at Matteus fortel om Jesu ord: «Om eg driv ut demonar ved Guds Ande …» (Matt 12,28). Markus sin eigen kommentar stadfestar denne samanhengen, for dei skriftlærde skulda Jesus for å ha ei urein ånd, medan Anden i røynda var Den heilage ande og ikkje ei urein ånd. I botnen tyder dette at den som avviser Den heilage ande som krafta i Jesus og i kristendomen, avviser Gud, og sidan all tilgjeving kjem frå Gud, får denne synda evige følgjer.

Teksten i Mark 3,28–30 seier ikkje at nokon der har gjort seg skuldig i slik spott, men Jesus gjev ei svært alvorleg åtvaring som gjeld både dei skriftlærde, Markus sine lesarar og oss. Her ligg den eigentlege forvrenginga: han som kjem og driv ut Satan ved Guds heilage ande, så menneska skal få evig liv, blir sjølv kalla Satan. Den som gjer dette, har ikkje von, for han er så forvrengd at han seier kvitt er svart og mørker er lys, at Guds verk er Satans verk, at det gode er vondt og det vonde er godt.

Skriftlærde sitt avvisning står i kontrast til korleis folkemengdene tek imot Jesus. I Mark 3,31–35 har mor hans, brørne og systrene hans kome for å henta han heim. Dei bed han koma ut og bli med dei. Dette blir fortalt vidare til Jesus om at mor hans og familien spør etter han. Då kjem Jesus med ei forbløffande utsegn som peikar ut kven som er hans verkelege familie. Jesu verkelege familie er dei som gjer det Gud vil. Den parallelle teksten hjå Lukas seier: «Dei som høyrer Guds ord og gjer det» (Luk 8,21). At Jesu verkelege familie er dei som gjer Guds vilje, eller det Gud «ønskjer», syner at menneska har eit val. Somme som har lytta til han, har valt å gjera det Gud vil. Andre, dei skriftlærde og Jesu eigen familie, har valt å gjera det dei sjølve vil. Ein lyt gjera det Jesus vil for å høyra til hans verkelege familie. Jesu jordiske familie og dei som tolka lova, som skulle ha teke imot han, har eigentleg avvist han. Folkemengda som samlar seg om Jesus, er hans sanne familie, dei som høyrer og gjer Guds ord.

Denne teksten er ei alvorleg åtvaring mot å avvisa Jesus. Men han er også ei forsikring om at dersom vi vel å gjera det Gud ønskjer, når vi høyrer og gjer etter Guds ord, då skal vi vera ein del av Guds sanne familie.

Sjå nøye etter

Kva skuldar dei skriftlærde Jesus for? Korleis svarar han? Kva forklaring gjev Markus i vers 30, og kven kallar Jesus sin familie?

Til ettertanke

Kva vil det seia å gjera Guds vilje i den stoda eg står i?

Saman

Korleis kan fellesskapet vårt leva som Jesu familie og ta imot menneske som ønskjer å følgja han?

Lev det ut

Ta eit konkret steg i noko du veit Gud har kalla deg til. Del gjerne avgjerda med ein annan som kan be saman med deg.

Bøn

Far, hjelp oss å ta imot Son din og vera opne for Anden di gjerning. Lær oss å høyra ordet ditt og gjera det du vil.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

04

Ordet og jorda

Les

Mark 4,1–9 og 4,14–20

Gå inn i forteljinga

Jesus sit i båten og lærer folket med ei forteljing frå kvardagen. Les først likninga, og så forklaringa. Legg merke til kor ofte det å høyra blir nemnt.

Kommentar

Det fjerde kapitlet hjå Markus, gjeld ansvaret til Jesu følgjarar, hans verkelege familie. Sagt på ein annan måte: det gjeld dei som høyrer Ordet og gjer Guds vilje, dei som er «innanfor». Scena vert sett i Mark 4,1–2, der ei stor folkemengd trengjer seg så tett innpå Jesus at han, for å kunna undervisa dei frå passe avstand, lyt setja seg i ein båt.

Jesus underviser dei ved å fortelja likningar. Dette er kvardagslege forteljingar med ei åndeleg tyding. Jesu bruk av likningar femner også om det som vert kalla samanlikningar og metaforar. Dette kapitlet inneheld alle desse tre slaga av likningar; difor er det viktig å drøfta kven likningane var meinte for. Likninga om såmannen og kornet får vi i v 3–8, og forklart i versa 14–20. Imellom talar Jesus om løyndommen i likninga og om det å forstå ho.

Likninga handlar eigentleg ikkje om såmannen; elles kunne vi spurt kvifor han sådde kornet på vegen, på steingrunnen eller mellom klunger. Likninga handlar heller ikkje eigentleg om kornet som vert sådd. Kornet er Ordet, Ordet om riket, eller, sagt på ein annan måte, Guds ord. I dette avsnittet tyder kornet Jesu lære. Poenget med likninga gjeld korleis menneske reagerer på bodskapen frå Jesus. Dei ulike reaksjonane heng saman med korleis ein høyrer. Legg merke til at Jesus opnar likninga med bodordet «Høyr!», og avsluttar likninga med omkvedet: «Den som har øyre å høyra med, han høyre!». Legg også merke til at i alle dei fire tilfella høyrer kvar og ein, men etter at dei har høyrt, hender det noko.

Legg merke til at det dei høyrer, er Ordet. Det er mangelen på Ordet som gjer skilnaden mellom veksten i den gode jorda og manglande vekst i dei andre jordslaga. Satan tek bort Ordet frå det som fell på vegen. Trengsle eller forfølging for Ordet si skuld fører til fall i det steinete området. Sut, svik og lyster kveler Ordet i klunger-området, slik at det ikkje ber frukt. Ordet aukar berre i den gode jorda, og det er fordi dei der ikkje berre høyrer Ordet, men tek imot det. Motstanden mot Ordet kjem ikkje berre frå Satan. I det steinete området vert Ordet høyrt og teke imot, men når trengsle eller forfølging kjem, tek folk anstøyt og forlèt Ordet. Suta, uroa, otten eller bekymringane for denne tidsalderen, rikdomens svik, og lystene etter andre ting som trengjer seg inn i livet til dei som høyrer Ordet, skaper vanskar i klunger-området. Alle desse suter og lyster kveler Ordet, slik at livet til dette mennesket blir utan frukt.

Føremålet med alt korn er å bera frukt. Somt korn ber ikkje frukt på grunn av korleis livet til det mennesket som kornet blir sådd i, ser ut. Det mennesket høyrer Ordet, men er ikkje villig til å gjera det. Hugs at Jesu verkelege familie ikkje er dei som berre høyrer, men dei som gjer Guds vilje. Jesus seier til tilhøyrarane sine, og til oss, at det ikkje er nok berre å lytta til Ordet. Ordet, som er Jesu lære, må bli høyrt, teke imot, og fått lov til å bera frukt i oss.

I denne likninga strør såmannen kornet utover. Likninga syner oss at vi veit ikkje på førehand korleis folk vil ta imot evangeliet når det blir forkynt. Men vi må forkynna for alle slags menneske og så ordet i alle samanhengjer.

Ordet blir tolka som Jesu lære. Vi høyrer eller les undervisninga hans ofte. Det er ikkje spørsmål om vi høyrer læra, men om vi gjer noko med det, som er avgjerande. Vi veit at frukt kjem av handlingar som planting, vatning, gjødsling og skjering. Som Jakob, bror til Jesus, sa: «Ver … slike som gjer etter Ordet og ikkje berre høyrer det» (Jak 1,22).

Poenget med likninga er at vi bør høyra Guds ord og så omsetja det vi har høyrt, til handling.

Sjå nøye etter

Kva skjer med ordet i dei fire jordslaga? Kva kjenneteiknar den gode jorda?

Til ettertanke

Kva uro, ønske eller motstand kan kvela ordet i mitt liv?

Saman

Korleis kan vi hjelpa kvarandre til å ta imot ordet og halda fast ved det når det blir vanskeleg?

Lev det ut

Vel eitt ord frå Jesus som du vil leva etter denne veka. Gjer plass for det ved å leggja bort noko som tek merksemda di.

Bøn

Jesus, gjer hjartet mitt til god jord. Lat ordet ditt få slå rot og bera frukt i livet mitt.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

05

Å forstå forteljingane

Les

Mark 4,10–13 og 4,33–34

Gå inn i forteljinga

Dei som er med Jesus, spør om det dei ikkje forstår. Han tek seg tid til å forklara. Les desse versa saman med likninga om såmannen.

Kommentar

Desse to avsnitta gjev innsikt i korleis likningane vart oppfatta av dei som høyrde på Jesus. Det første avsnittet er Jesu eigne ord om likningane, og det andre avsnittet er Markus si forståing av korleis Jesus nytta likningar. Det var fleire enn Dei tolv til stades då Jesus vart spurd om kva likningane tydde. Dei som var med han, minner oss om dei som var omkring Jesus då mor hans og brørne kom og leita etter han. Legg merke til at dei også spør om likningar (i fleirtal), ikkje berre den eine likninga Markus nett har fortalt. Jesus svarar dei som er hos han at dei har fått løyndomane om Guds rike. Løyndomen, er ei omsetjing av det greske ordet mysterion, og er eit betre ord å nytta her enn «hemmelegheit». Ordet mysterium blir brukt i breva i Det nye testamentet, men det er eit mysterium Gud vil gjera kjend, nemleg at heidningane skal takast imot. Som i breva, blir mysteriet gjord kjend, men berre for dei som høyrer og gjer. Mysteriet er berre eit mysterium for den som ikkje vil. Som Joh 7,17 seier: «Om nokon vil gjera hans vilje, skal han skjøna”.

Dei som er «utanfor», er dei som har høyrt, men ikkje forstår eller gjer. Uttrykket utanfor blir brukt to gonger på slutten av kapittel 3 om Jesu jordiske familie, i staden for om dei som er samla inne og lyttar til Jesus. Tilvisinga til likningar her er ikkje berre til dei parallelle forteljingane Jesus fortel, men tyder truleg gåter eller løyndomar, ei vidare tyding enn vi vanlegvis legg i ordet.

Når Jesus siterer frå Jes 6,9, syner han det same som likninga om såmannen synte: at berre dei som gjer, verkeleg forstår. Jesaja 6 fortel om Guds kall til Jesaja om å tala på Guds vegne. I den samanhengen fortalde Gud Jesaja kor stivnakka Juda kom til å vera. Juda skulle sjå, men ikkje skjøna; høyra, men ikkje forstå; for dersom dei verkeleg såg og høyrde, ville dei venda om og verta tilgjevne. Dette er eit bilete på Guds røynsle med Israel gjennom heile historia. Gud fører israelittane ut av Egypt, men dei klagar i øydemarka over mangel på mat. Gud gjev dei eit land som fløymer av mjølk og honning; likevel dyrkar dei andre gudar som ikkje har gjeve dei noko. Gong på gong sender Gud profetar for å fortelja dei Guds ord.

Israel høyrer og skjønar stundom, men langt oftare overser dei Ordet. Jesaja kan venta seg ei slik mottaking. Den kristne forkynnaren kan også venta ei liknande mottaking. Dette er også bodskapen i likninga om såmannen. Det som er meint å gje lys, blir eit mysterium. Folk kan høyra likningane, men berre dei som høyrer og tek imot Ordet, vil forstå og så bera frukt. Slik er det også med forkynninga av evangeliet. Folk kan høyra det òg, men det er godt nytt berre for dei som høyrer og tek imot.

Alle vi kan høyra likningane, men vi må ikkje vera som Israel og vera tunghøyrde og treige til å forstå. Vi må høyra og så gjera.

Jesus veit at følgjarane hans ikkje forstår likningane fullt ut; difor følgjer han forteljinga opp med ei forklaring. Markus forklarar at Jesus talte Ordet til folkemengdene i mange likningar, men berre så langt dei var i stand til å forstå. Men i einerom forklarte Jesus likningane meir grundig for læresveinane sine. Sjølv dei næraste læresveinane til Jesus forstod ikkje alltid klårt forklaringane hans.

Vi som les Markus har den fordelen at vi kjenner slutten på forteljinga; difor er mange av likningane klåre for oss. Vi er truande, og likningane og ordet om riket blir klåre for oss som har høyrt og lydt. Vi har ikkje berre likningane, men også Jesu eigne forklaringar. Men kristendomen er framleis eit mysterium for dei som er «utanfor». Mange høyrer orda, men skjønar ikkje kva dei tyder eller kva dei fører til. Vår oppgåve er å halda fram med å forkynna evangeliet, å så Ordets korn, så noko kan falla i god jord og bera frukt.

Sjå nøye etter

Kven spør Jesus, og kva får dei? Kva fortel versa 33–34 om korleis han lærer folket og læresveinane?

Til ettertanke

Kva treng eg å spørja om i staden for å gå vidare utan å forstå? Er eg villig til å gjera det Gud viser meg?

Saman

Del eit spørsmål om bibelteksten. Les samanhengen saman, og undersøk korleis han hjelper dykk til å forstå.

Lev det ut

Skriv ned eitt spørsmål frå bibellesinga og ta det med til nokon du kan lesa og be saman med.

Bøn

Jesus, takk for at eg kan koma til deg med spørsmåla mine. Hjelp meg å lytta, forstå og gjera det du lærer meg.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

06

Pass på korleis du lyttar

Les

Mark 4,21–25

Gå inn i forteljinga

Jesus talar om ei lampe og om målet vi bruker. Høyr oppmodinga hans om å vera merksame på det vi høyrer.

Kommentar

I dette avsnittet har Markus sett saman to ordtaksliknande utsegner, med ei forklaring til kvar av dei. Mellom dei to står det oppmuntrande omkvedet: «Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!». Heile dette avsnittet handlar også om å høyra, akkurat slik likninga om såmannen handla om å høyra.

Når dei kjem med lampa, er utan tvil ei tilvising til Jesus som lampa eller lyset. Jesu komme og hans lære skal sjåast, ikkje skjulast. Han skal takast imot, ikkje avvisast. Den einaste rette plassen for ei lampe er på ein lampefot, og den einaste rette plassen for verdas lys er der det kan sjåast. Jesus kan ha vore delvis gøymd i det skjulte medan han verka, men gjennom det han gjekk gjennom på krossen, har Jesu sanne vesen og sending kome for dagen. Vi bør vera endå meir nøye med å lytta til orda hans, nettopp fordi dette er sant. Hugs igjen at det ikkje er nok berre å høyra Ordet; vi må også gjera det Ordet seier.

Akta vel på det dokker høyrer frå meg, er ei oppmuntring frå Jesus om å vera svært varsam og nøye med korleis vi høyrer, for di meir vi høyrer og gjer, di meir skal vi få, og halda fram med å høyra og gjera. Om du har teke til med å høyra og gjera, skal du få endå meir. Om du ikkje høyrer, skal du mista sjølv det du måtte ha hatt.

Dette avsnittet kallar oss til å høyra med ansvar. Om vi lèt Ordet gå «inn det eine øyret og ut det andre», har vi korkje forstått føremålet med ei lampe, eller vore varsame nok med korleis vi lyttar.

Sjå nøye etter

Kvar skal lampa stå? Kva seier Jesus om å høyra og om å få meir?

Til ettertanke

Kva skjer med det eg høyrer frå Jesus når eg går tilbake til kvardagen?

Saman

Fortel om noko de har lært av Jesus og byrja å leva ut. Kva har de oppdaga gjennom å gjera det?

Lev det ut

Gå tilbake til eit ord du nyleg las frå Jesus. La det få eit konkret uttrykk i ei handling i dag.

Bøn

Jesus, opna øyra mine. Hjelp meg å ta vare på ordet ditt og la lyset ditt bli synleg gjennom livet mitt.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

07

Såkornet som veks

Les

Mark 4,26–29

Gå inn i forteljinga

Bonden sår, søv og står opp. Kornet veks utan at han veit korleis. Legg merke til både det bonden gjer og det han ikkje kan styra.

Kommentar

Guds rike er som eit frø. Oppdraget vårt er å så Gudsrikefrøet i nærmiljøet, på arbeidsplassen og i samfunnet. Bodskapen i denne likninga er veldig oppmuntrande. Det forklarar kva som skjer når vi sår ordet, evangeliet om Guds rike. Vi har tidlegare sett at jorda kornet blir sådd i er viktig for resultatet. I denne likninga er det eit anna fokus. Det er tydeleg at Jesus vil formidla eit viktig poeng.

Uttrykket, av seg sjølv, eller automatisk, er nøkkelen til å forstå poenget Jesus vil formidla. Guds rike omfattar heile prosessen: å så, kornet, jorda, strået, akset, fulle korn i akset og innhaustinga. Når Guds rike frøet først er sådd, vil det veksa av seg sjølv. Dette tykkjer eg er fantastisk godt å vita. Ordet om Guds rike har spirekraft i seg. Vi skal berre så evangeliet om Guds rike, så vil det automatisk spira, veksa og bera frukt. Men vi ser det ikkje med ein gong. Faktisk har vi inga kontroll eller oversikt over veksten. Kornet gror av seg sjølv når bonden søv eller gjer andre ting.

Av seg sjølv spirer ordet om Guds rike i menneskehjarta. Vi veit ikkje korleis eller når det hender, det ligg i Guds hender, men vi kan kvila i dette at Guds ord ber frukt og vender aldri tomt tilbake. Av seg sjølv ber jorda grøde, når evangeliet om Guds rike er sådd.

Sjå nøye etter

Kva steg i veksten nemner Jesus? Kva betyr uttrykket av seg sjølv i denne forteljinga?

Til ettertanke

Kvar treng eg å kvila i at Gud verkar sjølv om eg ikkje ser resultat enno?

Saman

Korleis kan vi halda fram med å så ordet utan å prøva å kontrollera menneska eller veksten?

Lev det ut

Del eit ord om Jesus med nokon på ein naturleg måte. Be for vedkomande og overlat veksten til Gud.

Bøn

Far, takk for spirekrafta i ordet ditt. Hjelp oss å så trufast og kvila i at du gjev vekst.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

08

Det vesle sennepsfrøet

Les

Mark 4,30–34

Gå inn i forteljinga

Jesus samanliknar Guds rike med eit lite frø. Les om byrjinga og om det som veks fram.

Kommentar

Det verkar som Jesus leitar etter noko han kan samanlikna Guds rike med. Så kjem han på sennepsfrøet. Det er svært lite, ja, det minste av alle frø, men det har stor spirekraft. Det skyt opp og blir større enn alle hagevokstrar. Eg liker uttrykket, skyt opp, for det viser til noko med kraft og fart i seg. På ny vil Jesus understreka at Guds rike tek til som eit lite frø, men det har stor spirekraft og fører til stor vekst.

Sennepsbusken er jo ikkje eit stort tre, kan bli ein stor hagebusk med store greiner som produserer svært mange nye frø som blir til mange nye buskar som produserer frø og mange nye buskar som stadig spreier seg over eit større og større område. Har eit sennepsfrø slått rot, blir det snart til mange buskar og kan spreia seg ukontrollert som ugras.

Guds rike tek til som noko svært lite, men vil veksa til å bli det største, det som er mest utbreidd. Denne likninga oppmuntrar meg og gjev meg tru til å dela evangeliet om Guds rike med all slags folk, når og kor som helst.

Det begynte for omlag totusen år sidan med Jesus som gav misjonsoppdraget til dei tolv læresveinane sine og no har det kome til oss og gjer framgang over heile verda.

Sjå nøye etter

Kva er skilnaden mellom frøet som blir sådd og planten som veks opp? Kva rom får fuglane i greinene?

Til ettertanke

Kva lita byrjing har eg lett for å oversjå eller forakta?

Saman

Kva små steg i nærmiljøet vårt kan vi ta i tru på at Guds rike veks?

Lev det ut

Gjer ei lita handling som deler Jesu kjærleik eller bodskap med eit menneske. Be Gud om å la henne bera frukt.

Bøn

Jesus, takk for at Guds rike kan byrja i det små. Gje oss tru og tolmod til å vera trufaste med det du har lagt i hendene våre.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

09

Kven er dette

Les

Mark 4,35–41

Gå inn i forteljinga

Etter undervisninga går Jesus og læresveinane i båten. Ein storm reiser seg. Les spørsmåla dei stiller Jesus, og spørsmåla han stiller dei.

Kommentar

Då det leid til kvelds, sa Jesus: Lat oss fara over til andre sida av sjøen. Undervisninga var over, og no ville Jesus over til den andre sida av sjøen. Han må ha vore trøytt for han sovna og sov tungt. Det kom ein kraftig vind, ein kvervelstorm, og bølgjene gjekk høge og slo inn i båten. Læresveinane var livredde, men Jesus sov på ei pute i bakskuten på båten.

Dette biletet av Jesus fører tankane til Salmane, som seier: «I fred vil eg leggja meg ned og sova, for du, Herre, lèt meg kvila trygt» (Salme 4,8). Jesus var heilt og fullt avhengig av Gud. Han viste sin tillit ved å kunna sova tungt, endå midt i ein valdsam storm.

Læresveinane veit rett og slett ikkje kva dei skal gjera, dei er redde. Difor vekkjer dei Jesus og spør:  «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» Sjølv om dei er redde for å døy, stiller dei spørsmål om hans omsorg for dei. Jesus tek først kontroll over stormen før han tek seg av stormen av kjensler inni læresveinane sine. Jesus trugar vinden. «Tei, og ver still!» Vinden gav seg og det vart blikande stilt.

Jesus stiller så to spørsmål om læresveinane si tru og tillit. Dette er den første av fleire gonger i Markus der læresveinane blir kraftig tilrettevist for sin mangel på tillit. Jesus spør først om kvifor dei er redde. Han hadde jo sagt, “lat oss dra over!” Kvifor var dei då redde for å gå under?  Det ordet Jesus her bruker om å vera redde, er i 2. Tim 1,7 omsett med motlaus, som noko negativt og som det motsette av kraft, kjærleik og sjølvkontroll. Det er omsett med feig Openbaringa 21,8 i ei liste sammen med mordarar, horkarlar og dei vantruandet, som endar sitt liv i eldsjøen, den andre døden. Læresveinane er redde og motlause, men tek ikkje ansvar for seg sjølv og gjer ingenting anna enn å skulda Jesus for ikkje å bry seg. Dei kvilte ikkje i at Gud ville ta seg av dei slik Jesus gjorde då han sov midt i stormen.

Det andre spørsmålet Jesus stiller er: “Trur dokker enno ikkje?” Jesus undra seg over deira mangel på tillit. Desse mennene har vore med han ei tid; dei har sett han helbreda og gjera andre under, men kor er trua og tilliten? Eller kanskje eg treng å stilla dette spørsmålet til meg sjølv: Kor er trua og tilliten min?

Det siste spørsmålet i denne forteljinga blir stilt av læresveinane, og dei spør seg selv, ikkje Jesus. «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han?» Alle veit at verken vindane eller sjøen blir styrt av menneske; likevel talar Jesus til dei og styrer dei. Læresveinane si uro er at dei egentleg ikkje veit kven Jesus er. Er han Gud? Korleis kan han vera det? Dei blir stadig overraska av hans kraft.

Vi opplever òg opprørte hav, og noen gonger handlar vi akkurat som læresveinane. Familiestrid, ulykker, skilsmisse, barns problem, alvorlege sjukdomar og dødsfall hender, og vår første reaksjon er ofte: «Kor er Gud? Kvifor meg? Bryr du deg ikkje om meg, Gud?» Nokre gonger er vi redde for våre liv eller vår forstand. Kvifor har vi opprørte hav, desse problema? Når problem dukkar opp, er det første vi ønskjer, eit mirakel. Er vår tillit i stilt hav eller i Jesus? Har vi tru og tillit til han når han søv, eller berre når han er vaken? Sjølv om vi veks gjennom uventa hendingar i livet, vil vi likevel helst unngå dei. Korleis kan vi visa vår tillit til Gud i urolige tider?

Kven er denne personen som endå vinden og sjøen lyder? Han er Kristus, den levande Guds Son.

Sjå nøye etter

Kva gjer Jesus før og etter at dei vekkjer han? Korleis endrar spørsmålet til læresveinane seg gjennom forteljinga?

Til ettertanke

Kva gjer eg med frykta mi? Kan eg bera henne fram for Jesus og læra å stola på omsorga hans?

Saman

Korleis kan vi støtta kvarandre i uro og motgang, med bøn og konkret hjelp?

Lev det ut

Fortel Jesus om noko som gjer deg uroleg. Del det gjerne med ein du har tillit til, og be saman.

Bøn

Jesus, du kjenner stormane rundt oss og uroa i oss. Hjelp oss å stola på deg og halda fast ved at du er med.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

10

Mannen som vart send heim

Les

Mark 5,1–20

Gå inn i forteljinga

Sjå mannen før og etter møtet med Jesus. Legg særleg merke til kva han ønskjer etterpå, og kva Jesus bed han gjera.

Kommentar

Eg har lese denne forteljinga mange gonger, og det er sjeldan grisane eller demonane eg blir ståande ved. Det er tre små ord om mannen etterpå: han sit, han er kledd, han er ved sine fulle fem.

Før det hadde han sprunge. Folk hadde freista å binda han, gong på gong, og til slutt gav dei opp og let han vera ute ved gravene. Der ropte han natt og dag og skar seg sjølv med stein. Det vonde hadde ingen annan stad å gå enn innover.

Når Jesus spør kva han heiter, svarar han ikkje med sitt eige namn. Legion, for vi er mange. Eg kjenner att noko av det. Det finst tider då eg ikkje lenger veit kva som er meg og kva som er røyster eg har teke inn: frykt, skam, gamle ord frå andre. Det gjer meg godt å tenkja at Jesus spør etter namnet under all larmen.

Etterpå sit mannen stille. Eg trur det er slik nåde ofte ser ut på nært hald. Ikkje stort og strålande, men ein kropp som endeleg får kvila.

Folket i bygda blir redde. Ikkje av galskapen, den hadde dei vant seg til, men av at han er frisk. Eg forstår dei betre enn eg likar. Det er noko i meg òg som heller vil halda på det vonde eg kjenner, enn å ta imot det gode eg ikkje kan styra.

Så vil mannen vera med i båten. Og Jesus seier nei. Gå heim til dine.

Det er det tyngste i heile forteljinga for meg. Å reisa vidare med Jesus til folk som ikkje kjende han, ville ha vore lettare. I staden blir han send heim, til dei som hadde lenkja han. Der skal han fortelja kva Herren har gjort.

Eg har sjølv kjent på lengten etter å koma bort, starta på nytt ein stad der ingen hugsar kven eg var. Men kanskje er det nett heime vitnemålet har mest å seia. Ikkje som preike, men som eit menneske som sit stille, kledd og klar, blant dei som ein gong gav deg opp.

Sjå nøye etter

Korleis skildrar Markus mannen etter at han er sett fri? Kva skal han fortelja heime, og kva gjer han?

Til ettertanke

Kva har Herren gjort for meg som eg kan fortelja enkelt og sant?

Saman

Korleis kan vitnemålet vårt få uttrykk både i ord og i eit endra liv?

Lev det ut

Fortel nokon du kjenner om ei konkret hjelp eller miskunn du har teke imot frå Gud.

Bøn

Herre Jesus, takk for miskunna di. Hjelp meg å fortelja kva du har gjort, og la livet mitt vitna om deg.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

11

To døtrer

Les

Mark 5,21–43

Gå inn i forteljinga

Les dei to forteljingane som er fletta saman i Markus 5. Ei kvinne har venta lenge, og ein far har dårleg tid. Jesus møter begge.

Kommentar

Det er to som ventar i denne forteljinga, og eg kjenner meg att i begge.

Jairus ventar på vegen. Dotter hans ligg for døden, og han har fått Jesus med seg. Så stansar Jesus midt i folkemengda og spør kven som rørte ved han. Eg kan nesten ikkje lesa det utan å kjenna uroa i kroppen. Kvifor no? Kvart minutt tel. Eg veit kva det vil seia å be og så sjå Gud, som det ser ut, ta seg tid til noko anna.

Kvinna har venta i tolv år. Ho har brukt alt ho åtte på legar og berre blitt verre. Etter lova er ho urein og skal halda seg unna. Difor kjem ho bakfrå. Ho vil ikkje bli sett, berre bli frisk. Eg forstår det. Det finst ting ein helst vil ha lækt i det stille, utan at nokon får vita at det var noko å lækja.

Men Jesus lèt henne ikkje gå. Han snur seg og leitar. Ikkje for å avsløra henne, trur eg, men fordi eit menneske er meir enn ein kropp som skal gjerast god att. Ho kjem skjelvande og fortel alt. Og han kallar henne dotter. Kanskje er det første gongen på tolv år nokon har sagt noko slikt til henne. Blødinga stogga då ho rørte ved kleda hans. Men heil vart ho då han såg henne.

Medan dette skjer, kjem bodet: Dotter di er død. Ikkje uroa læraren meir.

Då seier Jesus det ordet eg har bore med meg lenge: Ver ikkje redd, berre tru. Eg les det ikkje som eit krav om å slutta å vera redd. Jairus er nok redd heile vegen heim. Men han går likevel, saman med Jesus, forbi dei som græt og dei som ler.

Inne i rommet tek Jesus jenta i handa. Talita kum. Vesle jente, stå opp. Markus har teke vare på dei arameiske orda, som om nokon aldri gløymde korleis dei lydde.

Og så det siste, som eg er glad han tok med: Gje henne noko å eta. Midt i det største tenkjer Jesus på at ei tolv år gammal jente er svolten. Nåden er ikkje berre mektig. Han er praktisk.

Når eg ventar, og Gud ser ut til å stansa ved nokon andre, prøver eg å hugsa Jairus på vegen. Ventetida hans var ikkje tapt. Ho vart staden der ei anna dotter fekk høyra at ho høyrde til.

Sjå nøye etter

Kva seier Jesus til kvinna og til Jairus? Kva gjer han for dei, og kva praktisk omsorg ber han om til slutt?

Til ettertanke

Kvar treng eg å halda fram med Jesus medan eg ventar? Har det kjende gjort meg mindre open for det Gud vil gjera?

Saman

Korleis kan vi støtta dei som ventar på hjelp, og samstundes vera opne for at Gud talar gjennom menneske vi kjenner godt?

Lev det ut

Gje eit menneske som ventar i ei vanskeleg tid praktisk omsorg. Lytt også med ny merksemd til nokon du lett tek for gjeven.

Bøn

Jesus, hjelp oss å halda fram med deg når vi ventar. Opna augo våre for omsorga di og for det du vil gjera mellom oss.

Spør KI-rettleiaren ↗

Neste leksjon →

12

Snikkaren

Les

Mark 6,1–6

Gå inn i forteljinga

Jesus kjem til heimstaden og underviser. Folket undrar seg, men tek også anstøyt av han. Les kva dei seier, og korleis Jesus svarar.

Kommentar

Snikkaren

Det er noko eige med å koma heim. Vegane er dei same, husa er dei same, og folk ser på deg med augo som hugsar kven du var. Eg har kjent det sjølv: at ein kan ha levd lenge og gått langt, og likevel bli møtt som den ein var tidlegare.

Jesus kjem heim til Nasaret og talar i synagogen. Folk blir slegne av det han seier. Men undringa snur fort. Er ikkje dette snikkaren, son til Maria? Dei kjenner brørne hans. Systrene bur i bygda. Dei har sett han bera plankar og høvla dørkarmar. Korleis kan visdom koma frå så vanlege hender?

Eg forstår dei betre enn eg vil. Det er lettare å tru at Gud talar gjennom nokon som kjem utanfrå, med eit namn og ei historie vi ikkje kjenner. Det kvardagslege gjer oss blinde. Vi trur vi veit kven folk er, fordi vi veit kvar dei kjem frå.

Og så står det ei setning som eg aldri heilt blir ferdig med: Han kunne ikkje gjera noko mektig verk der. Berre nokre få sjuke la han hendene på og lækte. Det er som om kjærleiken hans ikkje ville tvinga seg på nokon. Han kunne ha gjort meir. Men han ville ikkje gjera det utan å bli teken imot.

Markus skriv òg at Jesus undra seg over at dei ikkje trudde. Det er sjeldan vi les at Jesus undrar seg. Eg tenkjer at det må ha gjort vondt, nett her, blant dei som hadde sett han veksa opp.

Kanskje er det eit spørsmål til meg. Kvar er det eg har gløymt å venta noko? Kven er det eg har bestemt meg for at eg kjenner så godt at dei ikkje lenger kan overraska meg? Ein ektefelle, eit barn, ein gammal ven. Eller Gud sjølv, i dei vanlege dagane, i dei tekstane eg har lese så mange gonger at eg ikkje lenger høyrer dei.

Den siste setninga i avsnittet er stille, men viktig: Han gjekk rundt i landsbyane og lærte folk. Han vart ikkje verande i Nasaret og sørgde. Han gjekk vidare. Avvisinga fekk ikkje siste ordet.

Det trøystar meg. Både når eg sjølv ikkje blir teken imot, og når eg forstår at eg har stengt døra for han. Han går ikkje sin veg for godt. Han går berre vidare, og kjem att.

Sjå nøye etter

Kva er det folket meiner dei veit om Jesus? Kva undrar Jesus seg over, og kva gjer han til slutt?

Til ettertanke

Kven har eg slutta å lytta til fordi eg trur eg kjenner vedkomande så godt?

Saman

Korleis kan vi vera opne for det Gud vil gjera gjennom menneske i vårt eige fellesskap?

Lev det ut

Lytt med ny merksemd til eit menneske du lett tek for gjeve. Ver open for at Gud kan minna deg om noko gjennom vedkomande.

Bøn

Jesus, hjelp meg å ta imot deg i dei vanlege dagane. Opna hjartet mitt for det du vil seia og gjera.

Spør KI-rettleiaren ↗

Stans og sjå tilbake

Les om att Mark 3,13–14, Mark 3,35 og Mark 4,20. Korleis heng det å vera med Jesus, gjera Guds vilje og bera frukt saman? Sjå så tilbake på forteljingane om stormen, mannen som vart fri, dei to døtrene og Nasaret. Kva har du oppdaga om Jesus, og kva vil du ta med vidare?

Del eitt ord som har gripi deg og eitt steg du har teke. Be saman om å vera eit fellesskap som både høyrer og gjer. Ta også tid til å lytta til dei som framleis ventar på hjelp.

Hald fram med Jesus